MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 08.08.12 -

Videofilmar i samlinga

 

Juni-juli 2012 har Arne Høyland filma og fotografert Monrad Kvinge (f.1920) frå Masfjorden som fiskar med garn, ruse, teine, snøre og line, og som sløyer, flekkjer og saltar ein torsk.

 

Masfjorden kommune har kjøpt dokumentasjonen og eg har redigert små filmsnuttar av råfilmane som ein no kan sjå i Masfjorden båt- og sjøbruksamling på Sandnes i Masfjorden.

 

Samlingane er opne juli og august fredag, laurdag og sundag frå kl 13.00 til kl. 17.00.

 

Ein av filmsnuttane med Monrad Kvinge syner linefiske der nokre brosmer vert trekt over ripa. Lokalt vart ho nytta som julemat, d.v.s. lettsalta brosma på julaftan, men og som bryllaupsmat.

 

Monrad kvinge som fiskar: http://www.youtube.com

 

Arthur Rambjørg lagar ausefat og Sjur Vågset lagar rive: www.youtube.com

 

Kristen Bergsvik som ber inn høy med børataug og slår med ljå: www.youtube.com

 

 

 

 

 

Tekst: Arne Høyland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen