MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Forteljing om Sverre Kvinge

 

Ferjetransport til Blådalsvatnet:Ferjetransport til Blådalsvatnet
På bilde frå venstre:
1. Ivar Kvinge (f. 1909)
2. Magnus Kvinge ( f. 1918)
3. Sverre E. Kvinge( f. 1910)  Inne i ferja
4. Johannes O. Kvinge (f. 1906)
5. Trygve Kvingedal (f. 1914)
6. Kaspar Kvinge ( f. 1894)
7. Bjarne Kvingedal (f. 1908)
8. Sigurd Solbakken ( f. 1913)
9. Harald Solbakken ( f. 1921)
10. Rasmus Nygaard (f. 1900)

 

Han meiner at dei sjølv har bygd ferja saman. Sverre vart seinare ein driven ferjebyggjar. Harald, Trygve og Bjarne var og svært nevenyttige folk. Ferja skulle høyra til Blådalshytta, ei hytte som vart flytta frå Tjødnerantane og til Blådalsvatnet. Denne hytta vart opprinneleg eigd av Sverre, Harald, Bjarne og Johannes Birkeland.

 

Av dei på biletet lever framleis Sigurd Solbakken, Trygve Kvingedal  og Magnus Kvinge.

 
Om Sverre Kvinge

Sverre Kvinge vaks opp på Nord-Kvingo. Han fekk polio i kneet som 8-åring og har sidan hatt trefot som han har laga sjølv. Han fekk utdanning som skomakar på Eikanger, men måtte slutta i faget grunna dårleg syn. Men ved hjelp av hendene og det synet han hadde att, har han bygd rundt 30 ferjer.

 

Ferjebygginga gjorde han på fritida, til dagleg var han med i anleggsverksemd der han mura vegar og kaiar. Sverre fortalde at ferjebygging var eit voldsamt interessant arbeid. Ferjene var ikkje breie, men i lengda målte dei 14-15 fot. Han brukte føra som han kjøpte på sagene. Det tok tid å ta ut skikkeleg materiale, og å byggje ei ferje var mykje arbeid. Betalinga han fekk for dei var så ymse. Nokon selde han for kr. 600, den siste gjekk for 1400 kroner. Den ferja han eig sjølv har hytte og manglar 5 cm på 15 fot. Han laga av og til årane sjølv. ”Sjeldan ein får skikkelege årar” seier Sverre.

 

Mange ferjer har hamna på fjellet der dei har blitt brukt i frakt og småfiske. Sverre har sjølv vore veldig interessert i fiske. Han kan hugse at han på fredagskveldane etter arbeidstid, drog ut å fiska og kom ofte ikkje heim att før klokka tre om natta. Så var det å koke kaffi og steika palen, ”då va da fint”.

 

I intervjuet med Sverre kan han fortelje at då han vaks opp, hadde dei ein trekeiping og ein firkeiping på Nord Kvingo. Dette var lettrodde og gode båtar, og når dei sette segl på dei gjekk dei forbi alle andre. Sverre meinte det var råsegl dei brukte.
Sverre er etterkomar av Erik Andvik som var ein dugande båtbyggjar. Han skal ha laga over 300 båtar. Sverre seier desse båtane var svært lett å ro, det var sånn at ein mann kunne ro forbi to mann som rodde i same type båt.

 

Sverre gjekk mykje på ski i sin ungdom, og så føyer han til: ”Kameratane mine var flotte, dei brøytte veg for meg. Eg bolta trefoten fast i skia”.

 

 

 

Tekst:
Intervjua av Vibeke Prestmo Valestrand. Gamleheimen på Sandnes, 04.05.93
Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden.

Bildet: Frank Kvinge har henta inn opplysningar frå sin far. Fotograf er ukjend.

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen