MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Intervjuforteljing med Sigurd Solbakken

(f. 1913) Kvingebakken, Nord Kvingo 1993

 


Frå venstre ser me tre naust, så kjem gamle og nye butikken med dambåtkaien og kaihuset. Så er det 9 naust på rad bort til elva.
Bak naustrekkja ligg saga og det gamle elektrissitetsbygget , og lengst til høgre , ein raud lang bygning som er den gamle trevarefabrikken.
Litt lenger oppe i elva ser me to kvernhus.

 


Denne notbåten høyrde til  nothuset på Bakkjen på Nord Kvingo og står no lagra i nothuset på Sandnes. Båten vert lokalt kalla for ein rogavel  og vart brukt til å frakta og setja ut nøter med når dei kasta etter sild o.l.  I Intervjuet med Sigurd Solbakken fortel han at Bertin A Kvinge bygde notebåtar på bestilling borte i nothuset på Bakkjen. Om han kan ha bygd denne notbåten veit ein ikkje noko sikkert om.

 


Den kvite bygningen nede ved sjøen er nothuset på Bakkjen på Nord Kvingo.

Bestefaren bøksla stykke på ”Bakkjen”, faren kjøpte det. Naustet kan vera rundt 100 år. Trebåten i naustet er bygd av ein Lars Reknes og er ca 50 år gamald. Båten har staurkjøl, ikkje fjøra på kjølen.

 

Det store nothuset på ”Bakkjen” er frå rundt 1890. Det stod eit nothus på grunnen innanfor, det kjøpte bestefar til Sigurd og brukte som geiteflor. Sigurd kan hugsa at noteigarane for på Fedje om vintrane etter storsild. Fram til ca. 1924 sigla dei – dei hadde ein storebåt dei kalla ”Vintrabåten” .

 

Sigurd fortel vidare dette :
”I 1924 var eit stort brislingaår. Då gjorde dei pengar so aller før, det var to årsløner etter den tid. I Austfjorden var det mest mussa. Dei vart aller rike på fisje.

 

Sjølv var eg med på vintersildfiske på Fedje i ungdomen. Første året kom det ikkje sild opp til Fedje, andre året tente eg 60 kroner. Eg var og på snurpa ein summar. Kasta me t.d. for 1000 kroner, fekk eg 25 kr.

 

I mai var det notebarking slik at dei skulle vera klare til silda kom. Det var kjekt arbeid. Frå gamalt brukte dei berre bjørkebork.  Barken kokte dei i tynnekjelen ( koparkjelen). Nota hadde dei i trebinna, slo varm løg over, stod i nokre dagar. Seinare kjøpte dei bark i Bergen, bark som var i småbitar. Dei hadde katteko og tjøra i lag med børkeløget. Nota vart

impregnert på ein annan måte då. Nota vart tørka på eit berg dei kalla for Høyberje, mellom to av nausta på Nord Kvingo. Dei hadde ein rull dei drog nota over, dei kalte det å vadla note.”

 

Om vegbygging til ”Bakkjen” seier Sigurd:

”Før vegen kom til Bakkjen, hadde ein inntrykk av at ein budde på ei øy. Alt som skulle til Bakkjen og andre stader, måtte takast med båt eller på ryggen. Han far, han Bertin og han Mikkal søkte og fekk verkty og ammunisjon av kommunen for å laga veg. Dei fekk ti år på seg, men måtte setja gardane i pant som ein garanti. To månader i året gjekk med til arbeidet, og dei hadde ikkje inntekt i den tide. Dei fekk borga mat hjå handelsmannen. Mot slutten av vegbygginga, fekk dei nokre pengar frå vegfondet, og dei fekk tak i fleire folk til handboringa. I 1936 var dei ferdige.”

 

Litt om felespeling og felemaking:

”Bestefar Ivar Nilson Kvinge  f. 1854, var felespelar i bryllaup.
Svigerfar lagde feler til ungane då han kom på gamleheimen.”

 

 

 

Tekst: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær
Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden.

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen