MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

”Vår mann i Salhus”

 

Arild SætreFolket i Nordhordland har frå 1. januar 2006 fått ein arkitekt som skal gje råd om vedlikehald og reparasjon til eigarar av faste kulturminner, enten eigaren er ein privatmann, kommune, bedrift, stifting e.l.  Med faste kulturminner meinast då eldre bygningar, kaiar, vegar, bruer og andre faste installasjonar som er i landskapet.  Og det beste av alt er at tenesta er gratis. Eg tok difor turen til Salhus for å ta ein prat med arkitekten Arild Sætre som er tilsett i den nye stillingen.

 

Arild har kontoret sitt i MUSEUMSSENTERET I SALHUS, og me set oss i museumskafeen  og tek ein liten prat. Eg spør han om stillingen har noko med etableringa av eit felles museum for Nordhordland og han seier at opprettinga av stillinga er i tråd med Hordaland Fylkeskommune sin museumsplan. Stillingen er av same typen som frå før er oppretta ved Sunnhordland Folkemuseum,  Hardanger Folkemuseum og gamle Bergen museum og som har vorte godt motteken av innbyggjarane i desse regionane.

 

Stillingen er finansiert av Hordaland Fylkeskommune og inntil 40% av arbeidstida til Arild skal Fylkeskommunen kunna bruka dersom det er ynskjeleg. Altså 60 % av stillingen er såleis øyremerka Nordhordlendingane og det vert opp til Museumssenteret i Salhus å prioritera korleis konsulenten skal bruka tida si. Men det vert og opptil befolkningen i regionen å nytta seg av tilbodet. 
 
Viktige oppgåver vert m.a.:
-  å rettleia eigarar om korleis dei kan halda ved like og setja i stand kulturminnet sitt samstundes som dei tek vare på og fører vidare det lokale særpreget som ligg i konstruksjonen, materialbruken og handverket.

- å rettleia eigarane når det gjeld økonomiske støtteordningar,  utfylling av søknadskjema o.l..
- å dokumentera kulturminnet, t.d. kva det har vore nytta til, kva konstruksjon og materialar som har vore nytta, kvar materialane kjem frå, kven som har vore handverkar, tidlegare endringar som eg gjort i høve det opphavlege o.s.b. Det er og viktig å fotografera og det kan også vera aktuelt med oppmålingar og teikningar.
- å formidla kunnskap om kulturminna i regionen. Arild vil m.a. prøva å få i stand handverksfaglege samlingar/kurs/seminar i regionen der ulike sider ved kulturminna og kulturminnevernet vert tatt opp. Han meiner Nordhordland er eit forsømt området i Hordaland når det gjeld å syna fram kulturen sin, her er det Hardanger og Voss som har  fått mest merksemd. 

 

Arild er ein entusiastisk mann frå Sunnmøre, han er lite kjend i Nordhordland, men han har teke utdanning som trebåtbyggjar i Nordheimsund og etter det utdanna han seg til arkitekt.
Eg spør om han vil arbeida med vern av båtar, ferjer og andre lause kulturminner i regionen, men det fell diverre utafor hans arbeidsfelt.

 

Dersom nokon vil snakka med Arild kan dei ringa han på kontoret : 55 25 10 83
eller mob. 950 48 705

 

Eg for min del må berre leggja til at eg trur me har fått ein god mann i Salhus.

 


Tekst og foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen