MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Om prosjektet

Meir om metoden

 

FæringlogoBÅTSAMLINGA

Båtsamlinga tek føre seg dei tre hovudbåttypane:
Færingen - med to par årar og dermed 4 keipar (to par keipar)
- Færingen er den farkosten som har vore mest brukt i Masfjorden.
Trekeipingen - med tre par årar og dermed 6 keipar.

Firkeipingen - med fire par årar og dermed 8 keipar.

 

FerjelogoFERJESAMLINGA

Ferja eller "ferjo" (på dialekt) - Dei fleste har eitt par årar, men den blå store Mollandsferja har to par keipar og dermed plass for to par årar. Det som i Masfjorden vert kalla for ferjer vert lenger vest og sør i Nordhordland også kalla for pram eller eke.

 

Masfjorden er den kommunen i regionen der det er registrert mest ferjer. I tillegg markerer Masfjorden seg med at mange av ferjene er knytta til sjøbruket, medan desse farkostane elles i regionen særleg vart brukt i vatn og elvar.

 

Totalt vart det registrert 270 farkostar i Masfjorden i 1994 (båt- og sjøbruksregistreringa) og av desse var det 51 ferjer.

 

I mange av kommunane i Nordhordland vart det på 1990-talet gjort systematiske registreringar av lause og faste kulturminner som høyrer til kystkulturen. Registreringane vart gjort i regi av Hordaland Fylkeskommune i samarbeid med Norsk Handverksutvikling(NHU) og kommunane Masfjorden, Austrheim, Fedje, Radøy, Meland og Lindås. Ei stund seinare vart det gjort liknande registreringar i Vaksdal og Voss.

 

Heile Masfjorden kommune vart registrert og det kom inn mykje kunnskap og oversyn over gamle naust, sjøbuer, nothus, båtar, ferjer, fiskereiskapar o.l. Eit av hovudpoenga med registreringane var å samla inn grunnlagsdata for utvikling av ein verneplan for kystkulturen i Nordhordland.

 

Her tek ein tak i dei mest sentrale objekta i kystkulturen, båtane, og formidlar forekomst og variasjon av desse i ein av kommunane. Dette kan verta fyrste tema i ein lengre serie av nettpublikasjonar om faste og lause kulturminner som er registrert i regionen. Andre tema er: løer, uteløer, sledar, ski, kiper, river o.s.b.

 

I 2002 søkte Arne Høyland alle kommunane i regionen om midlar til å laga ei nettutstilling slik at ein kunne formidla variasjonen og mangfaldet av kystkulturen i regionen. Til dette var det berre Masfjorden kommune som sa ja til. Kommunen fekk støtte av Hordaland Fylkeskommune til å laga ei nettutstilling av forskjellige båtar og ferjer som er registrert i Masfjorden.

Med dette vonar ein at både eigarar, skuleelevar, forvaltning og andre interesserte skal få lettare tilgang til og meir kunnskap om kulturminna i kommunen, og på den måten styrka kulturminnevernet. Utstillinga er og meint som læremiddel for skuleverket og referanse til museum, handverkarar og andre fagfolk som har interesse for båtbyggjartradisjonar i Nordhordland. Kulturbaserte reiselivsnæringar i Masfjorden og regionen elles vil også kunna dra nytte av dette. Ein del av dei kulturminna som vert presentert her, kan gjerast tilgjengeleg for praktisk oppleving og formidling.

 

Tekst: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen