MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Ny nettside for Masfjorden båt- og sjøbrukssamling

 

Sandnes nothus der hovudsamlinga er plassertBåt- og ferjeportalen er no blitt nettside for Masfjorden båt- og sjøbrukssamling. Prosjektet båt- og ferjeutstilling på nett blei avslutta i 2005. Sidan dette har me fått etablert Masfjorden båt- og sjøbrukssamling som eit opent museum. Båt- og ferjeutstillinga frå 2005 vil såleis bli ein del av nettsida til Masfjorden båt – og sjøbrukssamling. Utforminga av sida vil bli tilpassa etter kvart. Sida vil no bli ein meir levande nettportal med sirkulasjon av nyhende og informasjon om samlinga.

 

Inne i Sandnes nothusTilgjengeleggjering
Sidan sommaren 2007 har det, som mange har lagt merke til, vorte arbeidd med å tilgjengeleggjera Masfjorden båt- og sjøbrukssamling i nothuset på Sandnes for publikum. Nye båtar og reiskapar har vorte tekne inn i samlingane, nokre til utstilling i nothuset og andre til magasin på Nord-Kvingo. Målet er at det stadig skal vera nye ting og båtar å oppleva i nothuset i sommarsesongen.

 

 

Del av eit rorMed oss som båt- og sjøbrukskonsulent har me hatt kulturminnegranskar Arne Høyland. Museumstenesta i Nordhordland har også bidrege med kompetanse på ulike felt. Utstillinga var open sommaren 2008, med guida omvisning og ulike arrangement - konsertar og foredrag - knytt til båtsamlinga og Kvamsdals fargeri, eit anna kulturminne på Sandnes.

(Sjå www.masfjorden.kommune/museum/museumsfargeriet.)

 

Sommaren 2009

vert museumssamlingane på Sandnes opne mellom 21. juni og 23. august,
fredag til sundag, kl 13-17.

 

 

 


Tekst del 1: Frode Vee-Haugen
Tekst og foto: Arne Høyland og Anette Thorsheim.

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen