MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 12.09.12 -

Sommaren 2008 i Masfjorden båt- og sjøbrukssamling

 

Frå ei omvisning i nothusetUtstillinga i nothuset av båtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen, har vore godt besøkt denne fyrste sesongen.

 

I tillegg til den flotte utstillinga har nothuset også vore brukt som konsertlokale og foredragsrom.
- Bølgjeskvulp, måseskrik og motordur akkompagnerte Eirin B. Åserud og Haakon Aase under konserten i nothuset 6. juli. Publikum gynga til kjende og kjære viser - ein bukett frå norsk og svensk repertoar - m.a. Taube, Ferlin, Prøysen og Medaas. Åserud sin sikre song og Aase sitt lydhøyre og kjenslege akkompagnement på trekkspel gav viseklassikarar, som svært mange har eit forhold til, ei frisk og sommarleg drakt.

 

Det var trongt om plassen og høg stemning i nothuset på Sandnes då dei to sjantifantane Roald Kaldestad og Håkon Vatle vitja båt- og sjøbrukssamlinga 13. juli. Publikum var delaktige frå fyrste stund.  

 

19. juli vitja arkeolog Ole Mikal Olsen båt- og sjøbrukssamlinga. I foredraget sitt presenterte han utviklingstrekk i norsk båttradisjon.

 

Siste opningshelg fekk frammøtte ei innsiktsfull omvisning i lokal båttradisjon ved Arne Høyland.

 

Oppslutninga om samlinga og arrangementa har vore svært god. Det er tydeleg at både lokalbefolkning og tilreisande set pris på ei levande museumssamling.

 

 

 

Tekst og foto: Anette Thorsheim

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen