MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Intervju med Alf Kvinge(f. Ca. 1922)


Sjøbruksmiljø på Nord-Kvingo

Intervjua den 29.04.93 av Arne Høyland, båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden.

 

BRUK AV NAUSTET

Naustet til Alf Kvinge er truleg sett opp rundt århundreskiftet.

 

Båtbruk, båt- og ferjebygging

Då Alf vaks opp var det vanleg med ein færing på alle bruk. I tillegg hadde mange ein trekeiping i naustet. På eit av bruka hadde dei også ein firkeiping. Trekeipingen som stod i naustet til Alf, vart knust på Sørkvingevatnet før krigen. Det var det to brødre av Alf som skulle opp på ein teig som garden hadde der og henta ved. Då dei hadde lasta båten og kom utpå vatnet igjen, vart dei tekne av østavinden, som kan vera lumsk på dette vatnet. Båten for inn i berghamrane og vart knust.

 

Under eller etter sist krig var det nokre karar som sigla med ein trekeiping til og frå arbeid på Tveitastø. Dei brukte då råsegl.

 

Kjikallen / Båtajo var namnet på ein lokal båtbyggjar som gjorde særs fint arbeid. Dei sa at han fyrst høvla, sidan brukte han øksa.

 

Sverre Kvinge bygde ferjer. Han har bygd mange, ei av dei fyrste han laga ligg enno oppe ved Blådalsvatnet.

 

Fisk og fisking

"Da va fisk og sill - fisk og sill - te middags og te kvelds - og pote."
Dei brukte og noko dei kalla for "spjørasill", og det var sild som vart lagt i lake nokre dagar. Sidan vart ho hengd til tørk.

 

Bytehandel med folk frå ytre strok

"Han far hadde ein kontakt med Einar Eilertsen på Fedje, han kom inn her og kjøpte tynnekassar.
Ein frå Rongevær som stamma frå Tjønne på Einestrand, va her med fisk og fekk med seg hunabord.
På Sunnsbrukje va da mykje slekt uti Kvalvåjen, Austrheim, Daa-slekta."

 

Kasseproduksjon

"På sunnsta brukje sagde og spikra dei kassar, vanlege hallekassar.
På SørKvingo lagde dei og kassa. Birger Mjånger dreiv og med kasseproduksjon, han leverte og kål-kassar."

 

Alf har og høyrd snakk om at dei skar tynnestavar for sal.

 

Logging

Ask og raun vart logga litt seint. Bjørka vart logga mellom slåtten og håslåtten.

 

Skaving

Raunen vart skava om våren.

 

Lyng

I vårknipo gjekk dei etter ei børa lyng for dagen. Dei hakka og blanda det med vatn. Der det hadde lege mest snø om vinteren var lyngen best. Sume la lyngen i stål om hausten.

 

Utslått

"Me måtte ro te uteslåtten, hadde da i store sekka og rudla da ned. Da va so bratt at du kunne bruka naso te stav."

 

Fiskebein

"Me tørka fiskebein so me kjøpte, og hadde strenje alle stade i sjykkjo. Da va bere turke her enn med sjøen, dar va da råare."

 

Løa som tørkeplass

"Me turka høy, halm og potekål i løo, hadde lekte unna sperrna i løo.
Va da åvdøgt (potekålen), tok me da inn og turka da."
Dersom potetkålen var fuktig og han vart hengd inn, kunne han lett missa blada, og då ville ikkje kyrne eta han.

 

Torvtak

"Eg har hørt gjete at på setrane hadde dei tørvtak. Når dei skifta never, skaffa dei seg ny never, dei låsta, og då tok dei og vare på borkjen so dei brukte te å barka med."

 

Brensel

"Dei tok torv og hadde torvhus.
Me tok heim førebar og hadde til brensel. Det tjukkaste av bjørkegreinene og bjørkeris gjekk til brensel, medan det som var så tjukt at det kunne kløyvast gjekk til langved for sal.
I Klefjellet vart det teke ut tusen mål bjørkeved til båtane i Lindås og Masfjorden rutelag.
Bøttefabrikkjen på Laksevåg kjøpte og noko bjørkeved."

 

Rjupo

"Nett ette krijen va eg ein del på rjupo.
Trastesnare va da ungane so dreiv med."

 

Alkejakt

"Me skaut ein del alke, da va mest alka om haustane. Alko e skøthard . På nokre timar so kunne me skyta 30 - 40 stykker til heimamat.
Da va og dei so salta, dei kunne då salta ei tønna med alkebrøst."

 

Kipematerialar

"Dei brukte sprakjen te kipe og åleteina. Da va folk frå Hosøy so kom hitt og fann seg sprakje te åleteina."

 

Rivematerial

"Enkelte rive va meir klompna, andre meir spinkle. Da va ein kunst med tinnane, tinnane måtte pressast inn."

Som emne til rivehovud brukte dei bjørk, hattl (hassel) til tinna og kvistfri furuhun til skaft.
På fabrikken på Kvingo lagde dei rivehovud.

 

ORD, UTTRYKK OG STADNAMN

Sjeka (f.)

Hestekjerra har to skankle som vert nytta som drag for hesten, tilsvarer tindle på sledane.

 

Litt om sledar

Dei brukte bjørk som emne til sledemeiane.

 

Nokre namn på slededelane:

Tindla (F.)

Sledane har to tindla, som vert festa til hesten når han skal dra sleden.

 

Drøg (.n)

Kort hesteslede som vart brukt til tømmertransport .

 

Drøgeknott (m.)

Drøgeknotten er toppen på naglen som stikk opp på åsen og som naglar i hop åsen til meiane.

 

Åse (m.)

Tverrstivaren som bind saman meiane framme på ein slede.
Åse tilsvarar ordet meidvoll som også vert brukt om denne delen på sleden.

 

Åbera (v.)

Når dei hogg furu så tok dei av borken på stammen, dei åbera treet. I gamle dagar brukte dei øksa til å åbera med, seinare kom det barkespadar som vart brukt til å ta av barken med.

 

Dyregrave

Oppe ved Blådalsvatnet, midt mellom Blådalsvatnet og Kvingedalen, ligg ein stad med namnet Dyregrave.

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen