MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Intervju med Eivind Kvinge (f. 1915)


Nothuset på "Bakkjen" nederst til venstre

Intervjua den 29.04.93 av Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær, båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden.

 
BRUK AV NAUSTET

-Naustet var ein oppbevaringsplass for båten og all fiskereiskapen. Her tørka dei og fiskebein samt at dei tørka og lagra materialar.-

 

 

 

Båtbruk og båtbygging

- I 1928 låg det ein firkeiping og ein trekeiping på Nord-Kvingo. Dei vart bygde av Erik Andvik som bygde over 300 båtar. Firkeipingen var den finaste båten konservator Færøyvik frå Bergen hadde sett.

 

Bertin A. Kvinge bygde notbåten i nothuset på bestilling. Han bygde og nokre færingar samt ei ferje.

 

Før 1920 brukte dei færingane til kyrkja, då sette dei segl på. Til gravferd vart tre- og firkeipingen brukt. Då Eivind Kvinge gjekk for presten rodde dei frå Nord-Kvingo til Sandnes, 13 kilometer kvar veg. Båtane blei og brukte til å frakta ved i. Færingane vart og brukte til heimefiske.-

 
Fisking

- Det blei fiska med line, snøre, dorg og settegarn. Dette var fiske til eige bruk.
Som gutunge var det ein periode dei fiska mykje torsk med garn. Nokon hadde råd til garn med glasskuler. Det hadde ikkje me, så me lagde kuler av sprake.

 

Når det låg is på vågen så pilka dei torsk. Det var reine sporten. Men det låg mykje meir is før, ofte hende det at båtar stod innefrosne i lang tid.-

 
Notbruk

- På Nord-Kvingo var det to notlag der alle gardbrukarane var med. Nothuset på Bakken hadde om lag 8 eigarar. På Nord-Kvingevågen var det hovudinnsig av sild to gonger i året. Det første innsiget kom i mai/august, dette var for det meste brisling. Det andre innsiget kom seint på hausten.

 

Det var hard konkurranse notbruka i mellom. På Nord-Kvingo hadde dei to notlag ei tid. Birkebeinarane og Baglarane låg stadig i konkurranse med kvarandre - om kven som fekk mest og kven som jobba hardast.

 

Seinare kjøpte han far, Sønsten, Anton Andvik og Bjarne Kvingedal ut dei andre på Bakken, dei kalla seg for JABS. Dei hadde ein motorgavl, dreiv og kasta litt og hadde nokre gode år før dei la opp. Det var og vanleg at ein drog på vintersildfiske ( storsildfiske). Då mønstra ein på som "lutar" på båt som for ut til Fedje. Vintersilda var gyteferdig og vart pressa inn frå havet av kvalen. "Då vart da å kasta so lenje ein hadde nøt ". Eivind Kvinge var lutar vintrane 1931-32 og 33. Klesdrakta var m.a. ei lerretsbukse som vart olja og lærstøvlar med trebotnar.-

 
Folk frå ytre strok("Utåtekadlane ") - Bytehandel

Om sumrane vart det sendt mykje sau til fjells. Frå dei ytre stroka, t.d. Austrheim, kom det kvar sumar "leigesmale" . Eigarane vart kalla "Utåtekadlane" og var ofte slektningar av Kvingo-folket. Desse "utåtekadlane" hadde kvar sin kontaktmann som dei kalla "han far ".

 

Kvart år kunne dei få 2-3 tønnekassar med fiskebein frå "utåtekadlane". Fiskebeina hang dei på streng oppe i nausttaket. Det var snop for kyrne. "Utåtekadlane" var alltid tyngre til beins enn dei som var vane med å klyva i fjellet. Og det var ikkje berre det at dei var tyngre til beins, dei gjekk alltid til fjells i oljeklær og sjøstøvlar.

 

På Nord-Kvingo kunne dei og få malt kornet sitt og dei fekk emne til å hola ut tresko, ein "treskolørk".

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen