MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 12.09.12 -

Bakgrunnen til Masfjorden båt- og sjøbrukssamling

 

Sandnes nothus

På byrjinga av 1990-talet held nothuset på og forfalla. Noko måtte gjerast, enten riving eller restaurering. Kommunen fekk tilbod om å overta nothuset vederlagsfritt frå notlaget mot at det vart restaurert. Kommunen takka ja til tilbodet og gjekk inn på ein langsiktig leigeavtale med grunneigaren.


Bygget vart restaurert i 1993 ved hjelp av sysselsettingsmidlar. Kommunen gjekk inn med eit større tilskot til materialer. På same tidspunkt hadde også kulturavdelinga i kommunen gåande eit prosjekt leia av Arne Høyland på oppdrag frå fylkeskommunen. Dette gjekk ut på å kartlegga båtar og sjøbruksmiljø i Nordhordland. Masfjorden kommune gav tilskot også til dette prosjektet. 1995 vart dette samanfatta i ein rapport om båt og sjøbruksregistreringar i Masfjorden kommune, utgjeve av kulturseksjonen i Hordaland fylkeskommune. 129 båtar var registret bygd i Masfjorden / Austfjorden, av desse var 30 - 40 ferjer. Prosjektarbeidarane kom over fleire originaleksemplar av Masfjordbåtar som ikkje var sikra. Da nothuset vart restaurert passa det fint å få sikra desse i dette bygget, som no inneheld 10-11 orginaleksemplar medrekna ein gavlbåt.

 

Litt historikk

Sandnes nothus vart bygd på slutten av 1800-talet og var eigd av eit notlag på 12-13 mann.
Nothuset som er bygd på i fleire etappar seinare, representerer fyrste trinn i utviklinga av dei store notbuene. Det var det største i kommunen og det einaste som er att av dei 4-5 nothusa som hadde notlag som dreiv med snurpefangst. Nothuset er kanskje det einaste i sitt slag i heile fylket med denne konstruksjonen.

 

Fangsten byrja om våren etter blasilda og mussa. Om sommaren byrja brislingfisket. Ein rodde om nettene og losjerte og overnatta i naust, løe, båtar og slikt. Om vinteren var dei ofte ute på Fedje, Rognvær og Sulen for å fiska storsild med notskøyta. Ei notskøyte og to lettbåtar(loddebåtar) var knytt til nothuset. Lettbåtane rodde samstundes på fisket. Ein gavlbåt - kanskje også ein spelbåt - vart brukt når dei byrja med snurpenot. Skøytene var også brukte til skyssfart. No er alle desse er borte.

 

I 1940-åra skaffa dei seg ekkolodd på større båtar som utkonkurrerte lettbåtane. Notlaget vart ikkje lenger konkurransedyktige med å driva på den gamle måten, notskøyta vart seld og drifta slutta på byrjinga av 50-talet.

 

Etter at notlaget vart lagt ned og før grendahusa vart bygde brukte bygdefolket nothuset som eit kulturhus til diverse arrangement som 17. mai, jonsokfest, dans og slikt.

 

Masfjorden kommune var kjend for å ha flinke båtbyggjarar og var også leiande innanfor båtbygging i Nordhordland. Blant kjende båtbyggjarar kan eg nemna Torvald Elvik og Ivar Areklett som sannsynlegvis var den siste som bygde den såkalla ”Masfjordbåten”.

 

Nothuset og masfjordbåtane fortel om ein viktig del av lokalhistoria til kommunen og er ein del av kystkulturen sin bygningsarv.

 

Det er sett ned eit eige styre for Masfjorden båt- og sjøbrukssamling og Kvamsdals fargeri. Ei vidare utvikling av sjøbrukssamlinga i nothuset vil vera ein langsiktig prosess med prøving og feiling for å få til ein best mogelege presentasjon og sikring av denne delen av kystkulturen.

 

 

 

Tekst : Frode Vee-Haugen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen