MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

HØY- OG MØKATRANSPORT MED ROBÅTAR PÅ VÅGSETH

 

Klikk opp bilde for større format
Møkatransport frå Vågseth til HaugsværvågenEg har fått inn eit bilete med opplysningar frå Gunnar Svein Haugsvær som syner møkatransport frå Vågseth til Vågen i Haugsværvågen ein gong i 1913 eller 1914.

 

Bilete syner seks masfjordbåtar som ligg ved nausta i Vågen og minst tre av båtane er lasta med møk. Båten lengst til venstre kan vera ein trekeiping, elles ser dei andre ut til å vera færingar. Denne møkatransporten gjekk truleg føre seg om våren i samband med møkaspreiinga.

 

På garden Vågseth er det to bruk og kvar av brukarane hadde åkrar og slåtter på Øyra inne ved Hopsvatnet som vart gjødsla med møk. Gangen i møkatransporten var om lag slik:

 

1. Møka vert lest på sleden eller møkakjerra med greip ved heimefloren på Vågseth og dregen ned til nausta på Vågseth med hest.
2. Ved nausta vert møka lest over i båtane med greip.
3. Møkabåtane vert rodd inn til nausta i Vågen (nausta til dei på Hope)
4. Møkakjerrene vert transportert inn til nausta med båtar og hestane går innetter lia og kjem ned til nausta i Vågen.
5. Møka vert lest på møkakjerrene og hestane dreg møka opp på Øyra der ho skal spreiast på åkrar og eng.
6. Når båtane er tømde for møk, vert kjerrene sett om bord i båtane og rodd heim att medan hestane går liane heim. Kor mange føringar dei måtte ha, seier soga ingen ting om, kanskje vart det ikkje nok med berre ei vending?

 

Høytransport med båtar
Gunnar fortel ei spesiell historie om føring av høy med båt som går omtrent slik:
"Når potna og graset vart hausta på Øyra , so vart da førd heim att til Vågseth med båtane. So va da ein gong at han Ludvik hadde slått graset på Øyra og skulle heim med da. Hesten drog høyet ned til naustet og her vart høyet lagt på børa og plassert i båten. Men båten vart so full i høy at da vart vanskeleg å ro. Detta va ein voldsom fin og varm sumardag, so då tok han tå seg klena, la dei fint oppå høylasset i båten, tok tauet i kjeften og sumde da heim te støe på Vågseth."

 

 

 

Tekst: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen