MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Kulturminneleksikon

 

Band (n.) I botten på båten vert bordgangane nagla fast til eit trestykke som går på tvers av båten. I ein masfjordfæring kan det vera tre eller fire band. I ein trekeiping er det alltid fire band og i ein firkeiping er det fem band. Over dei fremste banda ligg det vanlegvis ein bækk, d.v.s. ein tverrstivar (ei tverrbinding).

 

Bækk (m.) Tverrstivar inne i båten/ferja som øvste bordgangen vert nagla fast til. Bækken ligg rett over bandet i båten. I ein Masfjordfæring er det vanlegvis to bækkar.

 

Bækkleist (m.) Den korte delen på bækken. Den som går loddrett opp og ser ut som lesten på ein fot.

 

Gavl (m.) Mange av dei gamle notbåtane er tverre bak, og dette gjer at denne båttypen vert heitande for ein gavl.

 

Hals (m.) Dei to nederste borda heilt framme og bak i båten, vert kalla for halsane. Namnet har samanheng med måten halsane virkar på, måten dei er forma på er avgjerande for om båten er lett eller tungrodd og om han glir beint i sjøen. Altså; framhalsane skal vera snar til å drikka vatn og svelgja det unna, medan bakhalsane må vera gode til "å kasta opp" d.v.s sleppa vatnet frå seg. For å få best mogleg fasong på halsane må dei formast til med øks, dei må øksast.

 

Hjelmevol (m.) Jamfør sveiv.

 

Keip (m.) Keipen er den delen på båten som du legg åra i når du skal ro. I Masfjorden brukar dei talet på keipar til å gje namn på båtstorleiken. Dersom der er tre par keipar i båten,vert han heitande for ein trekeiping. Er det fire par keipar vert båten kalla for ein firkeiping. Men merk deg at dersom det berre er to par keipat i båten, så kallar dei det for ein færing.

Keipslunn (m.) Den delen av keipen som åra ligg på når ein ror, vert kalla for keipslunn.

Kjølbord (n.) I ferjene er det vanlegvis ikkje kjøl, men eit breidt bord i botn. Dette bordet kallar Masfjordingane for eit kjølbord.

 

Klinkekjøl (m.) Det er registrert to hovudtypar av kjølar i Masfjorden. Den gamle kjøltypen som er brukt i dei gamle Masfjordbåtane kallar eg for ein klinkekjøl, og det er fordi fyrste bordgangen i båten vert klinka fast til kjølen. Den andre kjøltypen kallar eg for spikarkjøl og er brukt i oselvarar og hardangerbåtar som er registrert i Nordhordland. Her vert fyrste bordgangen spikra fast til kjølen. Dette gjer at desse to kjøltypane vert noko annleis å sjå til oppe der bordgangen fyrste bordgangen vert festa. I Nordhordland er klinkekjølen svært gamal i bruk medan spikarkjølen er av nyare dato.

 

Kne (f.) kne vert brukt om eit trestykkje som har ein naturleg vaksen vinkelrett krok i eine enden,har ein form som ser ut som bokstaven L , kan minna om ein hylleknekt. I gamle ferjer og båtar i Masfjorden er det brukt kne i den delen av konstruksjonen som lokalt vert kalla for bækkjen. Store kne er og brukt i brukt i gamle grindbygde hus til å binda saman staven og beten. Det gamle nothuset på Sandnes i Masfjorden har mange kne i seg. Likeeins den gamle saga i Trodalen og elles i ein del av dei gamle løene og nausta vil ein kunna finna kne. Materialen til båt-kne er oftast av furu,og emnet er teken i overgangen mellom grein og stamme eller rot og stamme. Store hus-kne er vanlegvis laga av rota og stammen på furua.

 

Lot (n.) Når ein skal byggja ein tradisjonell Masfjordbåt, byrjar ein med å strekkja kjølen. Deretter vert kjølen forlenga framme og bak med eit kortare bua skøytetykkje. Det er denne delen som vert kalla for lotet. Til slutt vert framlotet og baklotet skøytt i oppattstigande lengderetning med eit mindre bua skøytestykke som vert kalla for stamnen eller "stevnen" som det heiter på NH-dialekt.

 

Lotskar (n.) Skøyten mellom lot og kjøl vert kalla for lotskaret.

 

Mergsida (f.) Eit bord har to sider, den eine sida av bordet vender mot innsida av stokken og det andre vender mot utsida. Mergsida av bordet er den sida som vender inn mot midten i stokken, inn mot mergen. I Nordhordland vert båtane borda opp med mergsida vendt inn i båten. På dei gamle Sunnmørsbåtane gjer dei det motsett.

 

Plytten (m.) Heilt framme og bak i båten ligg ei lita spiss trekanta tilje som Masfjordingane kallar for plytten. Framme i båten ligg framplytten og bak i båten ligg bakplytten.

 

Ripebord (n.) Øvste bordgangen på båten vert ofte kalla for ripebordet eller berre ripo.

 

Rong (f.) Heilt framme og bak i båten er det ei v-forma kluft som dei øvste bordgangane er festa til. Dette er for halda bordgangane fast framme mot stamnane. Men rengene vert og brukt som sete, til å sitja i eller som eit trappetrinn når ein stig inn eller ut or båten. Ronga er i grunnen eit kne og i den gamle Masfjordbåten vert emnet til rong henta frå rot og stamme på ei furu.

Stamn (m.) Stamnen er heilt framme og bak i båten. Toppen på stamnen stikk opp og fram nett som eit horn. Difor kunne dei gamle kalla toppen på fram- og bakstamnane for hodne (horna) på dei gamle masfjordbåtane. Stamntoppen framme er og ofte brukt til å festa tauet rundt framme i båten.

 

Stamnprofil (m.) Profilen av fasongen eller buen på stamnen når ein ser båten frå sida.

 

Su (f.) Sua er den overlappinga ein får av to bordgangar når ein bordar opp båten. T.d. vert det ei su mellom fyrste og andre bordgang og sameleis mellom andre og tredje bordgang.

 

Sveie eller sveige (v.) Å sveie tyder å bøya , og på NH-dialekt kan det heita å "svøya ". Når gamle båtbyggjarar snakkar om "svøydde" halsar på båtane, så meiner dei at halsane (fyrste bordgangen framme og bak i båtane) er vridd og bøygd på plass. Alternativet og det mest vanlege for hundre år sidan, var at halsane vart forma til med øks, dei vart øksa som me seier. Sveigde halsar er enklare og raskare å få til, krev mindre material, men båten vert noko tyngre å ro i høve til ein båt med øksa halsar. Sjå også ordet hals.

 

Sveiv (f.) Ro- og siglebåtar har ror. Til å styra roren med vert det brukt ei kort og lang stang som er hengsla saman. Den korte stanga går inn på sjølve roren og den lange stanga held ein i og styrer roren og båten med. I Nordhordland vert den lange stanga kalla for styrestonga medan den korte har eg berre registrert eit namn på i Nordhordland og det er hjelmevol . (Frå Stamnes i Vaksdal, Hans Brørvik d.e.) På Tysnes i Sunnhordland vert den korte delen av styret kalla for sveiva. (Harald Dalland)

 

Tilje (f.) Ein laus trelem til å leggja i botn på båten som ein kan gå og stå på. Tilja beskyttar bordgangane i botn på båten.

Tofte (f.) Dei fjølene ein sit på når ein ror, eller berre sit i båten, heiter tofter. I ein færing kan det vanleg med tre tofter. Toftene er lause og kan takast ut av båten. Døme: Eg set meg på framtofta og ror.

 

Tollegang (m.) Ein tollegang er eit årefeste.Det er to pinnar (tollar) som åra støyter mot når dei ror. Tollegangen er brukt på ein del ferjer men og notbåtar i Masfjorden.

 

Tollekeip (m.) Tollekeip er ein keip med tollepinne i staden for humleband. Brukt på ein del ferjer i Masfjorden.

 

Æsing (f.) På innsida av tredje bordgangen i overgangen(sua) mellom 3. og 4 . bordgang ligg det ei tjukk firkantlist på masfjordbåtane. Denne lista vert m.a. brukt for å styrka og stiva av konstruksjonen i båten.

 

(m.) = maskulin, hankjønn
(f.) = femininum, hokjønn
( n.)= nøytrum, inkjekjønn

Ordlista vil bli utvida og tilført nye ord etterkvart som ein erfarer at det er behov for det.



Tekst: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen