MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.10 -

"Kyraferjo" frå Matresøy vert teikna

Tekst: Arne Høyland

 

Arne Emil Christensen i gang med oppmålinga

 

Den 23.06.10 fekk Masfjorden båt- og sjøbruksamling besøk av professor Arne Emil Christensen , pensjonert leiar for Vikingskipsmuseet i Oslo.  Han kom for å teikna den spesielle "kyraferjo" frå Matresøy.

 

Christensen brukar same arbeidsmetoden som Bernhard Færøyvik nytta då han reiste rundt og registrerte og teikna gamle trebåtar i fyrste halvdel av 1900-talet. Litt forenkla sagt strekker han ei snor midt etter ferja og måler avstandane frå dei ulike bordgangane opp til snora. Eg filma oppmålinga med videokamera.

 

Botnborda sett bakfråDet som særleg har vekt interessa hjå han er botnborda som er klinka motsett av det som er vanleg i ein klinkbygd båt. Christensen seier at denne måten å sua botnborda på er eineståande i Noreg og Europa så lang han kjenner til. Men kvifor det er gjort på denne spesielle måten ville han gjerne vita, men førebels kan me ikkje koma med noko sikker forklaring på det. Undersøkingar eg har gjort viser at konstruksjonen har vore vanleg i Matreområdet, m.a. dei gamle stølsferjene som låg i Kvednavatnet på Litlematre var også klinka på denne måten.

 

Ein av keipaneEit anna trekk som er spesielt for denne ferja, er måten keipane er festa oppe på øvste bordgangen. Det er ein alderdomleg og svært sjeldan variant som m.a. var nytta på båtar funne i forhistoriske båtgraver frå Vikingtida.

 

 

 

 


Christensen gjer skriftlege notatChristensen gjer skriftlege notat etter kvart som oppmålinga skrid fram.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen