MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 21.03.12 -

Planar om kopibygging av ein trekeiping frå Andvik

 

Trekeiping bygd av Johannes Eirikson Andvik Masfjorden kommune ynskjer å byggja kopi av ein råseglbåt som står i båt- og sjøbrukssamlinga i nothuset på Sandnes. Kommunen går no i gong med å finna finansiering til prosjektet. Men allereie i dag går båtbyggjarar med følgje i gong med fyrste steg i byggjeprosessen som er å gå i skogen og finna båtmateriale. Går alt etter planen kan ein byrja bygginga i nothuset våren 2013.

 

Opplysningar om båten:
Båten er truleg bygd i siste halvdel av 1800-talet av Johannes Eirikson Andvik (1834-1909).
Priaren på råseglet som høyrer til båten er merka med årstalet 1868.


Johannes var son til Eirik Johanneson Andvik (1810-1893), Erik i Smihåjen, som bygde
kring 300 båtar, alt frå færingar til femkeipingar.
Båten har truleg vore nytta til kyrkjeferd, på seifiske ved Fedje, til transport av ved og
materialar, høy, dyr og anna føring som kravde ein større båt.

 

Kjelde: Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden, 1992.



Foto: Trekeiping bygd av Johannes Eirikson Andvik (1834-1909).

 

Båten er komplett med råsegl og det heile

Fyrste steg i byggjeprosessen er å gå i skogen og finna båtmateriale. Les meir på www.miljolare.no/

 

www.miljolare.no: Episode nr. 2

 

www.miljolare.no: Episode nr. 3

 

www.miljolare.no: Episode nr. 4

 

www.miljolare.no: Episode nr. 5

 

www.miljolare.no: Episode nr. 6

 

www.miljolare.no: Episode nr. 7

 

 

 

Foto nr2 : Båten er komplett med råsegl og det heile

 

 

 

 

 

Tekst: Arne Høyland / Anette Thorsheim

Foto: Arne Høyland

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen