MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Intervjuforteljing med Emanuel Sandnes (f. 1908.)

 

Den omtala firkeipingenEmanuel Sandnes har vore gardbrukar og hatt stilling som kyrkjetenar. Han gjekk og på snikkarskule, og vart møbelsnikkar, arbeidde m.a. på snikkarverkstaden på Sandnes. Han dreiv og ein del med rosemåling.

 

NAUST
Det er to gamle naust på Sandnes og dei var bygd før hans tid. Det eine naustet måtte flyttast 5-6 meter då vegen kom. Naustet vart brukt til oppbevaring av ved og materialar. Hostelandsfolket brukte naustet som rasteplass og omkledingsrom når dei rodde til kyrkja. Duesundfolket brukte det andre naustet.

 

Bilde:
Her er eit bilete av firkeipingen som Emanuel Sandnes omtalar i intervjuet. Det er ein tradisjonell Masfjordbåt . Dette bilete var teke ca 1993 på Ytre Haugsdal medan båten låg der i ei fjære. Seinare vart han flytta til nothuset på Sandnes der han framleis står lagra.

 

NOTBRUK, BÅTBRUK OG BÅTBYGGJARAR.
Emanuel Sandnes er ein av partane i Sandnes notlag. Notbruket hadde to hus, eit nothus og eit notenaust. Dei hadde ein ro-gavl og kasta etter brisling med snurpenot. Nota vart barka i det store barkekaret i nothuset som er mura under golvet. Der hadde dei nota nedi, og alle brukarane kom med ein tynnekjele kvar med bjørkebark. Bjørkebarken vart kokt i vatn . Nota vart tørka i ”nothenjo” på Storeskjere. Det vart for vêrhardt der under storm og Sandnes og Andvik notlag bygde opp eige henje av runde stokkar og bølgjeblekk i Dusesund. Leiga for grunnen vart betalt med brisling. Notbåtane vart tjørebredd på Hello, rett nedanfor doktorbustaden. Notlaget hadde båtane sine i notenaustet. Dei hadde ein rogavl og ein dori som var spiss i begge endar, 25-30 fot.

 

På Sandnes hadde dei før for det meste færingar. Arne Sandnes hadde ein trekeiping. Emanuel sjølv hadde ein firkeiping og han fortel dette om firkeipingen, den som no står i nothuset på Sandnes:  ” Firkeipingen var brukt te å føra ved i frå Lia innmed Sandneselva. Ein smed på Bujen fekk låna han når han skulle med ku til oksen.  Fargaren på Sandnes brukte og båten når han skulle av garde etter sagerabb.  Firkeipingen er bygd på Holsøyna, eg veit ikkje av kven , men båten er gamal.” 

 

Om båten i prestenaustet seier Emanuel: ”Øysed sin båt i prestenaustet er bygd av Kvamsdal og Solheim på Solheim. Det har vore mange flinke båtbyggjarar i Masfjorden. Harald Holsøyna bygde fine båtar, Ivar Areklett og. Thorvald Elvik har og bygd mange båtar. Båten i Kavamsdal sitt naust på Sandnes er bygd i Elvik. ”

 

Emanuel dreiv mykje med fiske, fiska lyse( lange) med line. Han tørka fisk til husbruk under taket på huset. Om aurefiske fortel han dette: ”Sette garn etter ørreten i Botnevika den gong det var lovleg. Det gjorde presten Øysed og. Han var mykje på sjøen .Eg  røyker ørreten i skorsteinen, tenner opp i grua og får god røyk.”

 

Emanuel var med å kasta etter sild på Fedje i sine yngre dagar. Var og i Sulen i Ytre Sogn.  Sandnesingane leigde ei skøyta som dei mønstra på.
Etter krigen, før ferja kom, dreiv Emanuel med motorbåtskyss, skyssa doktor og jordmor.   
Han dreiv lite med jakt, tok berre nokre orrfuglar og litt villmink i glefsa.

 

Tekst: Vibeke Prestmo Valestrand   1993
Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen