MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 07.08.12 -

Båtgåve til Masfjorden kommune


Råsterke masfjordingar ber båten i husMasfjorden kommune har fått ein gamal råseglbåt av masfjordtypen til båt- og sjøbrukssamlinga si på Sandnes. Det er Torstein Skuggedal,  gardbrukar i Andvik som har gjeve båten.

 

Båten vart henta i Andvik av råsterke karar frå Masfjorden den 11.06.2010.

 

Lokalt namn på båten: Trekeiping(tre par årar).

Lengde: 629,5 cm

Alder:  Båten kan vera bygd i 1868 sidan råseglet er merka med dette årstalet.

 

Båten er bygd av Johannes Erikson Andvik,  (f.1834- d.1909) Johannes budde på Smihåjen, bruk nr. 1 i Andvik, og var son til Erik Johanneson Andvik (f. 1810 - d. 1893) som og var båtbyggjar.

 

Båten har ein skade bak i botn og manglar såleis noko av kjølen og bakhalsane, men totaliteten er svært god. 

 

Båten vert no plassert i Masfjorden båt- og sjøbrukssamling på Sandnes der kommunen har stilt ut ein del båtar, ferjer og sjøbruksutstyr frå Masfjorden.

 

Båten er uvanleg komplett med det utstyret som høyrde til ein slik båt.

 

Det er no planar om å byggja kopi av denne råseglbåten i nothuset på Sandnes.

 

Her kan ein sjå bilete og fakta om ein annan trekeiping som Johannes Erikson Andvik har bygd

http://www.masfjorden.kommune.no/batsamling/batar/andvik_trekeiping1.html

ein færing som faren Erik Johanneson Andvik har bygd.
http://www.masfjorden.kommune.no/batsamling/batar/andvik_fering_sjo.html

og ein firkeiping som også Erik Johanneson Andvik har bygd.
http://www.masfjorden.kommune.no/batsamling/batar/areklett_firkeiping1.html

 

 

 

 

Tekst og foto: Arne Høyland

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen