MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 24.06.10 -

Båtbyggjarane i Masfjorden

 

Folk i Nordhordland har i alle år hatt fjorden som veg og næringsveg. Kunnskapen om båtbygging er nok like gamal som busetnaden her.

Båten har vore ein sentral del i folk sin kvardag, så vel som høgtid, heilt fram til det  kom køyrevegar utover 1900-talet. Båtane her har likskapar med båtar elles langs kysten, men har likevel lokale særpreg som er forma av lokale forhold og behov.

Masfjorden sjøbrukssamling viser tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå Masfjorden. Her er Masfjordbåtar (geitabåtar), hardangerbåtar, oselvarar og ferjer frå tida 1874 - 1964.


Båtbyggjarkunsten

 

Båtbyggjarkunsten gjekk i arv frå generasjon til generasjon. Dei unge lærde teknikkar og om verktøy. Dei lærde å ta ut rett materiale frå skogen og dei visste kva båttype

som dugde best til frakt på vatna, ferdsle til byen, eller til fiske på fjorden eller havet.

Ein god båtbyggjar sette sitt personlege preg på båtane samstundes som han var trufast mot tradisjonane. Slik vart faget både vidareført og fornya.

Ein har registrert ei rekkje båtbyggjarar i Masfjorden. Nokon har bygd mange, andre berre nokre få. Olai Solheim (1884-1980) frå Solheim, var truleg den siste som bygde ein Masfjordbåt. Lista nedanfor(lenke) er ikkje komplett men ho speglar den geografiske utbreiinga av dette handverket, hovudsakleg i tidsrommet 1850 – 1950.

 

LISTE OVER BÅTBYGGJARAR


Tradisjonnelle båttypar i Masfjorden

 

Det siste hundreåret har både Hardangerbåtar, Oselvarar og Masfjordbåtar 
vorte brukt side om side.

Dei gamle Masfjordbåtane vart og kalla for geitabåtar.
Desse var rigga med råsegl, hadde fire bordgangar, æsinga festa i overgangen mellom tredje og fjerde omfar, og keipane festa på innsida av øvste bordgangen.

Mykje tyder på at det har vore tre variantar av denne båttypen i Nordhordland;

Ein i Masfjorden, med trekk frå Nordfjordsbåten

Ein i Austfjorden og Osterfjorden

Ein i Stamnes, Vedafjorden og Bolstadfjorden med trekk frå Hardangerbåten

Siste del av 1800-talet vart geitabåten vanlegvis bygd som færing, trekeiping eller firkeiping. Innimellom finn ein også femkeipingar, eller små jekter, til transport av husdyr, ved, never, bark, tønnebotnar og andre bondevarer.


NORDHORDLAND, EIT BÅTKULTURELT GRENSELAND

Samaliknar ein geitabåten med Hardangerbåten / Oselvaren, er det særleg tre ting  som skil seg ut. Hardangerbåten og Oselvaren har berre tre bordgangar, æsinga ligg oppe på innsida av øvste bordgangen og keipane er festa oppe på æsinga. Denne konstruksjonstypen har vore utbreidd frå Sørfjorden ved  Osterøy og vidare sør langs Norskekysten. I Nordhordland vart desse båtane gjerne kalla for Søringar.

 

Geitabåten derimot har fire bordgangar, æsinga ligg i overgangen mellom tredje og fjerde bordgang og keipane er festa på innsida av øvste bordgangen. Slik er det og med båtane nordover langs resten av Norskekysten. Nordhordland representerer difor ei nasjonal kulturgrense mellom to hovudtypar av norske klinkbygde båtar.

 

 

Tekst: Arne Høyland

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen