MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Intervjuforteljing med Arne Sandnes (f. 19. .)

 

Denne trekeipingen er av gamal masfjordtype og har stått i naustet til Arne Sandnes
Denne trekeipingen er av gamal masfjordtype og har stått i naustet til Arne Sandnes. Etter at Masfjorden kommune overtok nothuset på Sandnes fekk kommunen overta båten og no står han lagra her.  Trekeipingen vart m.a. brukt til å føra ved og material frå sagene. Om vårane rodde dei til Fedje på palefiske og drog "husafisk". Båten har vore rigga med råsegl.

 

Bilete syner litt av varegråtten i Bergsvik i Masfjorden
I intervjuet med Arne Sandnes fortel han at varegrotten er namnet på den plassen som ligg eit stykkje ute i båtstøa. Her var det lagleg å leggja te med robåtane og lessa på og tå varer.

Bilete syner litt av varegråtten i Bergsvik i Masfjorden.

 

Sumaren 1992 var eg med Arne Sandnes nede i naustet på Sandnes og han fortalde då litt om sjøbruket og trekeipingen som låg i naustet og som seinare vart flytta opp i nothuset på Sandnes.

TREKEIPINGEN
Om trekeipingen som ligg i naustet(no i nothuset) fortel Arne dette:

”Båten skal vera bygd her i naustet om lag 1892. Det skulle vera ein frå Herøyne som bygde han. Trekeipingen var brukt som føringsbåt, til å føra ved og  material tå sajena. Om vårane rodde dei te Fedje på palefisje og drog seg husafisk.
Båten har vore rigga med råsegl. Seinare vart det sett i sprisegl”.

Eg registrerte og målte opp båten og kom til dette resultatet:

Lengd mellom stamnane: 629 cm
Lengd frå lotskar til lotskar:  353 cm
Lengd av 1. bordgang langsetter kjølen inni båten: 545 cm
Røysmål framme: 88 cm
Røysmål bak: 75 cm
Breidde av botn, nede tvers over 1. bordgang midt i båten : 69 cm
Tal rom : 3
Tal keipar: opphaveleg 6 (to er teke vekk)
Halsane er hogne
Fire bordgangar
Æsing i skøyten mellom 3. og 4. Bordgang.
Øvste bordgangen (nr.4)  der keipane er festa heiter på lokalt ribordet

 

Båten hadde høge stamnar framme og bak slik det var på dei gamle masfjordbåtane. Desse stamnane vart kappa av og Arne forklarar :

 

”Nåkre feiinga lånte båten og dei skar hødne tå han (kappa tå  toppen på stemnane). Dei va visst litt øvetruiske”.

 

NOKRE ORD OG UTTRYKK

HYSESETA  (f.) 
Hyseseta er namnet på ein stad dei fiska hyse. Ein spesiell stad i Fensfjorden utafor Sandnes hadde dei ei hyseseta. Dei hadde eit mè der dei skulle sjå i to ulike naust.
 
LUDNGRINN (f.)
Ludngrinne er namnet på lunnane, d.v.s. dei runde stokkane som går frå naustdøra og ut i sjøen. Ludngrinne vart brukt til å dra båtane på når dei skulle ha dei i hus eller ha dei på sjøen.

VAREGRÅTTEN (m.)
Varegråtten er namnet på området som ligg ute i båtstøa, om lag ved halv sjø, mellom steinmurane og lunnane som går opp til naustet. Her var det lett å leggja til med båten uavhengig av sjømålet og ta om bord og på land varer som skulle ut eller inn.
”Utpå varegråtten”  kunne dei sei. Dette ordet er og registret i Andvik og på Ådnekvam i Masfjorden, men og på Askeland på Radøy.

 

Nokon forklarer varegrotten med at det var den plassen dei tok varene på land eller om bord i båtane. Andre meiner at vare tyder ein steinmur (som ein varde på fjellet) og at staden difor heiter varegrotten. Grotten  er området (hola) mellom steinmurane der lunnane ligg. Sjå bilete frå Bergsvik.

 

Tekst: Intervjua av Arne Høyland 09.07.92
Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen