MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

TRODALSFERJA

 

Data / historikk Konstruksjon Landskap Intervju 1  

 

Klikk på bilete for større format

Ferja er bygd av Malfred Trodal i 1938
(Sjå intervju med Olav Trodal).
Det er eit rom i ferja utanom bakrommet og framrommet.

 

Olav Trodal fortel at ferjene vart brukte til å ro på butikken med, fiska, setja garn, og andre småærend. Dei kunne og brukast til å føra ved med.


 

 

Botnborda i bakrommet i ferja er forsterka(reparert?) med to smale bord som er klinka til dei underliggjande botnborda.

 

Elles ser ein at gavlen bak er bygd slik ein oftast finn i ferjene med eit breitt bord pluss eit smalt oppå toppen.


 

 

Flatkeip med tollepinne.
Det er sett på ekstra slitestykke(årelappe) av eik på keipen for at ikkje åra skal slita seg ned i keipen. Årelappen er festa med trenaglar til keipen. Keipen står på æsinga som er festa heilt oppe på innsida av øvste bordgang.


 

 

 

Det er to band og ein bækk i ferja. Nærmast på bilete ser me frambandet med bækk(tverrstivar) av liknande type som ein finn i gamle masfjordbåtar.


 

 

 

 

Bakbandet går mest heilt oppunder æsinga og er skøytt saman av tre korte band.


 

 

Bakgavlen er festa til kjølbord, botnbord og sidebord.
Ferja er bygd på eit underliggjande kjølbord. I flukt med kantane av kjølbordet er det spikra på slitelister for at ferja skal vera lett å dra inn og ut av naustet. Eit anna poeng med slitelistene er at dei sparar kjølbordet for slitasje.





Framgavlen, som er noko smalare enn bakgavlen, består av eit breitt bord pluss ei smal list(slitestykke) på toppen. Det er festa ein jarnring med kjetting oppe i gavlen. Kjettingen vert brukt til å fortøya/festa ferja.

 

Her ser ein tydeleg undersida av ferja med kjølbord, slitelister, og fire bordgangar.


 


Tekst og foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen