MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

SLEIREFERJA

 

Data / historikk Konstruksjon Landskap Intervju 1  

Ferja på Store-Sleire er ei sterkbygd stor ferje som er målt til å vera 450 cm lang. Ho er bygd i slutten av 1930-åra av Kristoffer Daae og han hadde med seg Gunnar Fredriksen som hjelpesmann. Informant og ferjeeigar Olav Sleire f. 1930, fortel at han og broren sprang rundt som smågutar og såg på då ferja vart bygd.

 

Ferja er svært komplett og er ei av dei få som er registrert med tiljer i. Olav seier at det var vanleg å bruka tiljer av denne typen i ferjene her. Det spesielle med desse tiljene er at fjølene i dei ligg i lengderetninga av ferja pluss at det er ein liten opning mellom fjølene i kvar tilje.



Når ein tek ut tiljene i ferja ser ein godt innveden som bordgangane er festa til. Det er seks heile botnaband og to bækkar av tradisjonell type. Olav Sleire fortel at emne til band og bekkjer vart teken av grove furugreiner som hadde høveleg fasong. Minste dimensjon av greinemne til innved måtte vera 3 tommar.

 

På nærmaste langbækkjen på bilete ser ein spor etter kvistane som har stått oppetter furstammen. Kneet til høgre på bækkjen som står oppetter dei to øvste bordgangane har då vore ei høveleg grein som har vakse ut frå furustammen.

 

Ferja har m.a. vore brukt i vatnet ovanfor Store-Sleire til å flåta tømmer og føra ved med.

 



Bakgavlen er sett saman av to bord og oppe i hjørnene er det sett på kne eller "handtak" som Olav seier. Desse knea gjer konstruksjonen sterk oppe i skøyten mellom gavl og bordgangen samstundes som ein får eit godt handgrep i kneet til å dra og flytta på ferja


 

 

 

Her er det brukt tollegang som er festa med jarnsaum på innsida av øvste bordgang.


 

 

Bakgavlen i ferja.

 

Her ser ein at ferja er bygd på eit overliggjande kjølbord.
Slitelistene eller "draja" som Olav seier, er spikra på under sua mellom kjølbordet og fyrste bordgangen i botn.





Framgavlen i ferja er av eit bordemne.
Elles er den klinkbygde konstruksjonen god å lesa på dette bilete.

 

Går ein nærmare inn på bordgangane og ser på årringane i endeveden, ser ein at bordgangane ligg med mergsida inn.
Olav fortel at dei gamle var nøyen på nettopp dette når dei bygde båtar og ferjer.

 

 

 

Tekst og foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen