MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

MOLLANDSFERJA 1

 

  Data / historikk Konstruksjon Landskap  


Klikk opp bilda for større format

Informanten er usikker på alderen, men meiner ferja er gamald. Ho er bygd av Kristen Erikson Molland (1871-1970)
Det er eit rom midt i ferja (ro-rommet) forutan framrommet og bakrommet. At ferja er ekstra sterkbygd ser ein m.a. av at det er to band med tradisjonelle båtbækkar pluss eit ekstra band i framrommet og bakrommet. Samanlikn med t.d. Trodalsferja


 

 

 

 

Bakbandet er skøytt på styrbord side.


 

 

Ferja sett framantil.
Eit uvanleg trekk ved konstruksjonen i denne ferja er at begge bækkleistane er plassert på same sida, på babord. Til vanleg vert det veksla.

Ferja er borda opp på eit underliggjande kjølbord og ho er spesiell på den måten at det ikkje er sett på ekstra slitelister eller lauskjøl under kjølbordet.


Keipen vert mest å rekna for ein snellekeip, den typen som vert brukt i gamle Masfjordbåtar. Snellene manglar men plasseringa og fasongen er mykje lik som på dei gamle båtane. Det har ikkje vore brukt homleband på keipen, men i bakkanten av keipslunnen klyv keipen oppatt i ein skråkant samstundes som det er sett inn ein liten tollepinn til å stoppa åra med under roing. Opphavleg kan denne bakkanten ha fungert som ein tollepinne. Det er og lagt på eit slitestykke på keipslunnen slik ein finn i mange av dei gamle Masfjordbåtane.



Tekst og foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen