MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

MATRESØYFERJA - "KUFERJA"

 

Data / historikk Konstruksjon Landskap Intervju 1  

Klikk på bileta for større format

"Kuferja" som ligg i eit lite ferjenaust på Matresøy, er 430 cm lang og bygd av Mons H. Matre i 1934 i lag med naboen Arne Matre. Ferja vart spesialbygd for å frakta kyr frå Matresøy og inn til fastlandet på Matre, difor namnet "kuferja"


Sjå ferja frå motsatt veg.

Konstruksjonen i ferja er prega av den spesialiserte oppgåva ho er tiltenkt. Det er til dømes ikkje vanlege bækkar i ho, men to av botnbanda har skøytt på kne i endane som fungerer som bækkleistar oppetter sideborda. På den måten vert det god plass i ferja. I følgje intervju med Malfred Matre er dette den gamle ferjekonstruksjonen som vart brukt på Matre og nabogardane i tidlegare tider. På 1930-talet vart det teke i bruk ein annan ferjemodell, jamfør Trodalsferja.


Eit av dei spesielle trekka ved ferja er grindene som er sett opp langs sidene. Dei vart brukte ved transport av sauer. Ved transport av kyr og oksar vart desse grindene ikkje brukt. Då sette dei opp ei fjøl på kvar side av dyret og laga ein bås inne i ferja.


Ferja er heilt spesiell på den måten at botnborda er omvendt sua i forhold til sideborda. Slik vart det også gjort i mindre ferjer i matreområdet. Grunnen til dette er ikkje heilt klarlagt enno. Måten sideborda er sua på er den som er den vanlege, sjå også neste bilete.

Bakgavlen er sett saman av eit heilt bord nede mot botn, så kjem eit nytt bord oppå som er sett saman av to bord. Det fyrste botnbordet er klinka til eit underliggjande kjølbord som det og er festa to slitelister til, den eine er losna frå. Eit loddrett bord utvendig midt bak på gavlen er kanskje ein reparasjon som er gjort seinare. Det ser og ut til at det er sett inn eit laust trestykke som skal tetta mellom gavlen og kjølbordet.

 

 

Oppe i hjørna på framgavlen er det sett inn kne som bind saman gavlhjørna med øvste bordgangen. Kneet kan vel ha vore brukt som handtak når ferja skulle flyttast på land.

Framgavlen er av eit heilt bord.

Keipane er mest ei blanding av ein flatkeip og ein snellekeip med tollepinn av jarn. Dei er festa på ein spesiell måte. Som bilete syner er han festa oppe på innsida av øvste bordgangen, samstundes som han rir oppå bordkanten, sjå neste bilete.



Keipen sett frå utsida av ferja.

Keipen står oppå bordkanten samstundes som han sluttar til nedetter bordet på innsida.
Bordgangane er uvanleg tjukke i ferja og det gjer sitt til at keipen kan spikres direkte ned i øvste bordgangen.



Tekst og foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen