MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Intervju med Malfred

 

MATRESØY (LITLE MATRE) 1993

 

INFORMANT: MALFRED M MATRE f.1930

 

REGISTRATOR: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær
(Båt- og sjøbruksregistreringane)

 

NAUSTET (PÅ INNSIDA AV ØYA)
-Naustet er bygd rundt 1870. Eg tvilar på at det er bygd nytt. Mogleg det er flytta dit. Det var torvtak opprinneleg, så vart det lagt pannetak på øvste sida. Eg fjerna det for 5 - 6 år sida og la på bølgjeblekk. På nordsida var det lagt på bølgjeblekk for 30 år sidan.

 

Eg kan ikkje hugsa at naustet vart brukt til å tørka høy i. Fiskehovud tørka me i naustet for å ha til kyrene, hugsa at det hang heile knippa.

 

BÅTAR OG FERJER
Av båtar var det denne færingen frå 1920 me brukte når me skulle utom øya. Eg veit ikkje kvar færingen kjem frå, bestefar kjøpte han. Det var ein dei kalla for Hardangerbåt, men han behøvde ikkje koma derifrå. Viss me skulle ro eit litt lengre stykkje, brukte me båten, til dømes til utmarkslått og vedhogst. Skulle ein ro tvers over sundet, brukte ein ferja. Liknande når dei bar avstad for å fiska litt lenger utpå. Båten hadde me segl til, eg veit ikkje kven som har laga det, eg vil tru det er laga i huset heime, men det var før mi tid.

 

Eg har vore med på å sigla. Robåten låg ute om sommaren etter at det var isfritt. Om vinteren stod han i hus. Om vinteren vart han faktisk ikkje brukt, ikkje i isperioden.
Me lagde årar, keipar og ausekar sjølv. Keipane på båten er intakt. Eg har ikkje laga årar, men far laga årar til båten. Ferjene bygde me sjølv.

 

FISKE
Fisket var stort sett heimefiske. Aurefiske var for salg. Me hadde omtrent ikkje råd til å eta aure sjølv, den måtte selgast. Den vart seld lokalt og til byen. Auren selde dei til hotellet. Hotellet var i drift til krigen begynte. Tyskarane beslagla huset til losji for sine folk.
Til husbruk var det sei, pal, torsk og linefiske. Til agn i linefisket vart det som oftast brukt sild og makrell. På snøre vart det fiska kviting og hyse. På isfiske vart det brukt skjel til agn.
Stort sett var ein berre på eindagsturar på fiske. Det kunne førekomma at ein var ei natt borte, spesielt på seifiske, så ein skulle vera klar til å starta dagen tidleg. Då for me til Kvamsøyskallen og Strømsnesskallen. Eg har ingen formeining om dei hadde med seg mat på desse turane. Eg og Karl Lillematre har vore på seifiske. Då sigla me, brukte dette seglet. Var ute ved Hostelandsundet. Me låg oppe i ei vik om natta og starta opp då det lysna om morgonen. Det var storsei, og me hadde god fangst. Me kokte sei på bål i fjøra som me leverte til middag.

 

SILDEFISKE
Far var med på sildefiske som mannskap på ei skøyte. Det var ikkje vanleg her trur eg, men det var ein og annan som var med på det for å få ekstra inntekt.

 

MAKRELL OG MAKRELLSTØRJA
Makrellstørja følgde med makrellen. Ho hoppa så snart spiren kom om sommaren.

 

HÅBRANN
Og så var det håbrann. Den såg eg fleire gonger. Kom sigande rett inn med land, såg ryggfinna i vasskorpa, nokre svære beist, omtrent som ein båt. Det følgde med spir og sild.

 

ISFISKE
På isen hadde folk sine siktelinjer for å få rette plassen å hogga hol.
"Linntoseten" ligg i sundet mellom linntøa og urane i Matresberje.
"Sjoseten" var lenger ute i sundet.
"Kålemile" er mellom Ole sitt naust vårt. Namnet kjem sikkert frå noko som har foregått på land. Truleg trekolproduksjon "Kolmile"
"Røven" er eit me. Der er alltid ope råk frå Matresøy ned mot naustet til Anfinn. Og den "røven" var bortpå iskanten og inn imot det opne råket som iskanten lagde.

 

KVINNFOLK PÅ FISKE
Kvinnfolk på fiske var heller ikkje vanleg. Mor mi fiska ikkje på isen, ho låg helst å fiska på kviting med agn. Ho låg nede i sundet der ho fekk ei og anna hyse, torsk og kviting.

 

GARN
Garn batt ein sjølv. Det var enklare å bitta garn enn å bøta det. Me kalte det me batt garnet på for ein RE , ein tredor som var halvrond eller oval med spiss kant på langs. Det var den som avgjorde maskevidda, kor tjukk den var.

 

BARKING AV GARN
Garnbarking gjekk føre seg ved naustet, for eg huska at me barka garn ute på brygga. Då hadde me ei gryte der me tørka bjørkebark. Dette var før nylongarna kom. Me sat og knuste bitar av denne barken med ein hamar på kanten av gryta. Det var ei gamal stempa me brukte til å ha garnet opp i. Borken vart kokt og garna lagt i bløyt i borkelågen.

 

SULA, TEINAR, GARNNÅL, BEINVED, KRISTORN
Sule, teina og garnnåle var stort sett heimalaga. Eg har ei heimalaga nål, nåla vert mest som bein. Beinved eller kristorn brukte dei og, kristorn er viltvoksande utover fjorden. Beinveden er meir lys i fargen.

 

HAMLEBAND
Hamleband var ikkje brukt etter mi tid. Me hadde vanlege keipa med tolla bak. Det var hamleband på båten ved Anfinn sitt naust.

 

RIVER, ORV, KIPER OG KORGER
Bestefar batt kiper og korger. Ljåna var kjøpt, men sjølve orva var heimalaga. Rive laga dei sjølv. Eg har laga ambar og tynne i forbindelse med at eg gjekk snikkarskule, dar lagde me trebinne og lærde lagging.

 

TJØREBREIING.
Tjørebreiing føregjekk ved naustet på utsia på øya. Det skulle skje ein solskinnsdag. Der stod sola mykje bere på. Den plassen kalla dei før Brotslevikje, det kom sikkert av breiinga.
Båten vart tjørebredd bortsett frå øvste bordet, det vart malt.

 

NAUSTET DAR UTE
Naustet der ute er ikkje så gamalt sånn sett. Olav Bjørnekletten bygde det rundt 1930.

 

"BEISTAFERJO"
Eg hugsa tilbake då dei bygde "beistaferjo" i 1934. Den bygde dei her i naustet. Det var far, bestefar og Anfinn som bygde ferja.

 

SLO I UTMARKJE
Me slo i utmarka, stort sett i Smørdalen, høgt oppe. Me hadde tre løypestrengar å fire børene på. Me slo i venstre sida av dalen, der oppe under fonna. Ein løypestreng derifrå og tvers over dalen, ein tilbake til venstre sida av elva og ein derifrå og ned. Det har vore gamle utslåtter frå gamalt av. Det var eit par neddottne løer frå eldre tid, har vel tørka høy der oppe før dei fekk løypestreng.

 

TØRKING AV GARN
Tørking av garn føregjekk inni naustet, me hengde dei over stokkane.

 

LUNNANE
Til lunnane var det mykje osp det gjekk på.

 

NOTHENG
Me hadde ikkje notheng. Me hadde eit garn ei tid i lag med Rasmussen, eit slygarn, eit ganske stort eit. Då hadde me eit notheng på eit berg ved naustet til Ole.

 

SALTING OG TØRKING
Salting og tørking av fisk føregjekk ved heimehusa. Fisken vart alltid sløgd der nede ved naustet før dei bar han til huset.

 

LYNG, TONG, RØSJE, SKAV
Lyngskjæring var der, tong og røsje, skjera på røsje, og så skavde me. All rauneveden som vart brukt til brenneved var godt "tåskava". Me sat i stovo og skavde. Vanlegvis vart veden alltid teken heim i strova. Det var "røsje" på bortsida av naustet, eg veit ikkje heilt kva det er, graset med dei flate blada.

 

VEDSAGING OG KLØYVING
Saging og kløyving føregjekk stort sett ved nøstet. Raunen (strongane) bar dei opp. Den skulle skavast.

 

JAKT
Jakt var det ikkje mykje av, mest rypejakt. Noko anna jakt var det fakstisk ikkje her inne. Det var ikkje allment å jakta etter oter og slikt. Det var enkelte som liksom dreiv det.
Her inne var det ikkje jakting på sel og nisa.

 

SKOG
Då oldefar kom her til øya fanst det ikkje eit tre her. Skogen var vekkhoggen, rubbel og bit.
Dei har hogge og brent bål. Furuskog har det vore, det var fururøter i massevis i jorda då dei braut opp åker. Furuskogen kan ha vore hoggen til å laga tjøre og trekol av.-

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen