MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

HOSTELANDSFERJA

 

  Data / historikk Konstruksjon Intervju 1  
  Intervju 2 Intervju 3 Intervju 4  

Klikk på bilda for større format


Hostelandsferja er bygd i 1957 av Sverre Kvinge, ein av dei siste ferjebyggjarane i Masfjorden. Dette er ei lita og lett ferje, ei av dei få som berre har tre bordgangar.

Ferja har m.a. vore brukt ved småfiske og andre småærend på Hosteland.


 

I framrommet er det eit lite band som er av heil ved og det bind saman kjølbordet og dei to nedste bordgangane. Øvste delen av framgavlen har ramla av. Oppe på innsida av øvste bordgangen er det sett på ei æsing. Til vanleg vert det då sett på keipar eller tollegangar oppå æsinga. Kva som har vore brukt på denne ferja er ikkje heilt klarlagt.



Ferja er bygd på eit overliggjande kjølbord og det er sett inn to botnband og begge er skøytt/laska i hop av tre delar. Botnabanda går heilt oppunder æsinga og fungerer i lag med dei lause toftene som tverrstivarar. Det ser ikkje ut til å ha vore faste tofter som har fungert som bækkar. Oppe på øvste bordgangen heilt bak ved gavlen, er det sett på to små lister som dei har lagt ei tofta på. Dette er ei løysing me finn på mange av dei registrerte ferjene.




Under kjølbordet i /ved sua til fyrste bordgangen ligg det to slitelister som beskyttar kjølbordet og lettar transporten når ferja vert halt inn og ut av naustet.


Ferja sett utanfrå. Bakgavelen på denne ferja er av eit breidt bord. Det mest vanlege er å bruka to bord i bakgavelen, eit breidt nederst og eit smalare oppatt på.

 

 

 

Tekst og Foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen