MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Intervju med Sigrid

 

INTERVJU - HOSTELAND 29.06.93

 

Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær

 

Informant: SIGRID HØSTELAND f.1924
FØDD OG OPPVAKSEN I ELVIK, GIFT MED JON HØSTELAND

 

Sigrid fortel frå oppveksten i Elvik i Austfjorden.

 

FISKING
-Me jentene fiska pal og torsk ved stranda. Det var helst småkarane som var ute på fiske.

 

RODDE PÅ FEST
Me rodde mykje, blant anna til Hope på fest. Me rodde og song. Ungdommane kunne så mange songar.

 

SKULEGANG
Me gjekk til skulen på Hope, brukte vel tre kvarter.

 

LANDNOTFISKE
Mannfolka kasta, men me jentene måtte sjå på landnotkasta. Brislingfiske i Elvika var eit syn. Me vakna av motorbåtane om morgonen, heile fjorden var full.

 

MAT
Av mat brukte me mulja til å duppa i. Det var kjøtkraft frå sau og svin og havremjøl. Elles åt me fisk og sild. Me var sjølvforsynt. Å lage fiskekaker var litt av eit arbeid. Ho mor var svært nøye på korleis det skulle gjerast, ein skulle ikkje spe for mykje. Me laga store porsjonar, men me var så mange heime at me åt opp alt saman. Hadde ikkje så stor lagerplass. Sild, fisk og kjøt måtte me salta eller tørka.

 

KLEDE
Gamle kvinner gjekk i svarte stakkar som dei løfta i trappa. Ho mor hadde svart glatt og smal drakt. Stoffet var glatt og fint på utsida. - Beredning. Me sydde kleda sjølv av ull og vadmål.

 

LYSA
Fiskelevera lysa me og brukte det i maling. Smurde lysa på ludnane så båtane skulle gli lettare.

 

DYREMEDISIN
Me brukte "perikumolje" i nasebora på lamma mot klovsyke og smurde tjøra på bakenden for reven.

 

BÅTBYGGJING
Torvald Elvik bygde båtar. Han lagde flaggstenger og.

 

BÅTAR
Han "Gutte på Kvamme" har ein trekeiping som han for å segla på.-

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen