MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Intervju med Alma

 

SOLHEIM 1993

 

INFORMANT: ALMA SOLHEIM F.1913
(Alma var gift med båtbyggjar Ingolf Solheim som dreiv Solheim båtbyggeri)

 

REGISTRATOR: Gunnar Svein Haugsvær

 

FISKE
-Me eldste jentene var ofte med på fiske etter spir(makrell) kvitting og pal, mest rundt vågen og me dreiv og med isfiske om vinteren. Me måtte også hjelpa til når dei kasta med landnot etter makrell og brisling eller aure.-

 

TØRKING AV NOT
-Nota vart valla både på naustberget og noteberget.-

 

BÅTBRUK
-Notbåtane og spelbåten vart også brukt til å føra kyrbeista til og frå fastlandet. Seinare førde dei i færingen.-

 

SPLINT
-Splinten var ofte i naustet. Ein gong fekk dei overnatta i huset.-

 

"Å BJERGA TIL DYRA"
-Tangskjæring og lyngskjæring var me og med på. Me kalla det "å bjerga" til dyra (kyr og sauer). Dette var om våren når det minka på foret i løa. Me måtte også "av å røsja", d.v.s. riva laus fjordgamalt gras oppe i fjellsida. (Dei reiv med nevane) Dette vart så stappa i sekker som me så trilla ned att til vegen eller sjøen. Dette graset vart kalla røsje. Truleg er det latinske namnet på denne planten Luzula Sylvatika (Stor Frytle) eller Luzulz pilosa (Hår Frytle).-

 

POTEKÅL
-Potekålet vart hesja i naustet.-

 

ÅLEGRAS
-Ålegraset vart tørka på noteberget og naustberget.-

 

BÅTSKYSS MED ROBÅT
Amanda fortel at etter at ho var ferdig med skulen hadde ho kvar dag ansvaret for å skyssa faren sin Olai til fastlandet kl.07.00 om morgenen. Så måtte ho annakvar dag skyssa skuleungane til fastlandet. Om ettermiddagen var det same jobben på nytt. Først henta ho skuleungane og så far sin.

 

SOLHEIM BÅTBYGGERI
Alma synte også fram kassaboka frå Solheim Båtbyggeri som vart drive av Ingolf Solheim og Reidar Kvamsdal. Boka var frå 1951-52 og nokre av båtane som vart bygd var desse:
27/7 1951 - Ny båt til Håkon Vedå - kr 480
20/12 1951 - Ny båt til Harald Øyseth - kr 480
12/5 1952 - Ferje til J. Mayer - kr 187
7/6 1952 - Ferje til L. Keilen - kr 150
21/10 1952 - Færing til H. Kvingedal - kr 500
15/12 1952 - Ferje til Fredrik Nilsen - kr 200

 

Desse åra hadde dei og mykje leigeskjæring av tømmer, høvling og pløying av bord og reparasjonar av større og mindre båtar.

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen