MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Intervju med Erik

 

SOLHEIM 1993

 

INFORMANT: ERIK KRISTENSON DUESUND f.1922
REGISTRATOR: Gunnar Svein Haugsvær

 

NOTBRUK
Erik Askeland var bestefar til denne Erik, han var fødd på Myking i 1859 og døde i 1928.
Erik Askeland var fiskar, jæger og småbrukar. Han fiska med landnot, seinare kjøpte han seg ei snurpenot og to ro-gavlar som dei kalla "Knoll og Tott". Det var vanskeleg med pengane og selgaren ville taka pant i garden. Då lånte han pengar privat og let nokre naboar kjøpa seg part i bruket. Olai Solheim hadde ei tid part i dette bruket .

 

Kristian og Olai bygde ein spelbåt til notlaget. Denne vart og nytta til å frakta kyr og sau til og frå Solheimsøya. Seinare førde dei i færingane. Elles var det fleire båtar som hadde vore med på kasting og fiske, han nemner: Gamle "Frøya" ,"Trasta" og "Per Gynt".

Erik Duesund er no eigar av det gamle nothuset på "Flea". Dette var tidlegare ei gamal løe som stod i Trodalen. Ingar Sandnes har kjøpt nothuset på Småsundet med tilhøyrande tomt. Den tida notlaget eigde nothuset på Småsundet, leigde dei tomten av br.2. Då skulle dei betala leiga med ein kasse brisling årleg eller tilsvarande annan fisk.
Nota vart valla på Hellevikane, men mærdane vart valla på Flea.
Nota vart valla både på naustberget og noteberget.

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen