MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Data / historikk

 

BÅT-OG SJØBRUKSREGISTRERINGANE juli 1992
Registrator: Gunnar Svein Haugsvær

 

Byggjeår før 1958 (1963?)
Bygd av Olai Solheim
Byggjeplass: Haugsvær

 

Lengd mellom stamnane: 512 cm
Lengd frå lotskar til lotskar: 232 cm
Lengd 1. bordgang, innvendig langsetter kjølen (stramt mål?): 427 cm
Breidde av botn midt i båten (fyrste omfar): 61 cm
Hals-type: Øksa
Tal bordgangar: 4
Kjølrenne: Nei
Røysmål framme (høgd): 72 cm
Røysmål bak: 63 cm
Tal rom: 2
Tal keipar (med sneller): 4
Æsing øverst på 3. bordgang
Spikarkjøl

 

Registreringsmaterialet frå Masfjorden syner at dette er den siste båten av den gamle masfjordtypen som er bygd, og det var altså på Haugsvær i 1958 eller 1963 av Olai Solheim. Det einaste som skil båten frå ein gamal ekte masfjordbåt er kjølen, som er av typen spikarkjøl, medan dei gamle masfjordbåtane har klinkekjøl. Spikarkjøl tyder at fyrste bordgangen vert spikra til kjølen og ikkje klinka slik det vert gjort med klinkekjølen.

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen