MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Areklett - firkeiping 1

 

Data / historikk Konstuksjon Landskap/bygg Intervju 1  

 

Side 1 av 2 - neste side >

Klikk opp bileta for større format

Firkeipingen på bilete til venstre er bygd før 1875 av Erik Johanneson Andvik (1810-1893) eller "Erik i Smihåjen" som dei seier. Frå stamn til stamn måler båten 745 cm.
Ivar Areklett har fortald litt om båtbruken (sitat):
"Dei førde kyrabeist med firkeipinjen, rodde til Matre, Haugsvær og Vågset. Firkeipinjen var og brukt til byreise. På heimvegen pleidde dei stoppa i nærleiken av Mongstad på ein stad som heite Smørslikko, og då sleikte dei i seg siste restane tå smøret som var att i smørambrane.

Til kirkjo på Sandnes, brukte me færinga, sigla dersom det var bør til det. Viss eg kom ut i skådda, so høyrde eg elve og peilte ette ho. Dei var ute i Dyrøyne og skar lyng. Lyngen vart brukt som for til dyra. Dei flåta tømmer. Slepte tømmeret med færingen eller stunno landrog dei. Var og i Dusenmarkje og hogde kroka og flåta det ut til saga vår."

 


Båten sett frå framskuta mot bakskuta.


Detalj av band og bækkar i framskuta og framrom. Merk snella/støtta mellom bandet og bækken. Dette er ikkje vanleg å finna på Nordhordlandsbåtane, medan det er mykje brukt på båtane lenger nord t.d. i Sunnfjord og Nordfjord.


Detalj frå band og bækk i bakrommet og bakskuta.


Bilete teke frå framskuta mot midten


Innvendig midt i båten


Båtbyggjaren set sitt preg på keipen gjennom fasong og dekor.
Det er to variantar av keipar på denne båten. Den eine ser me på bilete ovanfor, den andre på neste side.

 

Side 1 av 2 - neste side >>

 

 

Tekst og foto: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen