MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 26.06.14 -

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling i nothuset på Sandnes / Masfjordnes

 

Nothuset frå utsida og innsida

 

Samlinga består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Båt- og sjøbruksregistreringane frå 1990-talet gjer at det finst ei god oversikt over båtar og reiskapar som er brukte og / eller bygde her. Utstillinga i nothuset på Sandnes presenterer eit breitt og spanande utval.
Nothuset på Sandnes er bygd kring 1880. Bønder frå Sandnes, Areklett, Duesund og Kvamme gjekk saman om notbruket og bygde nothuset. Masfjorden kommune tok over huset tidleg på 1990-talet.


Samlinga er open i sommarsesongen, fredag til sundag kl 13-17. Guida omvisningar. Sjå i tillegg programmet for Sommarscena - ulike arrangement og aktivitetar knytt til museumssamlingane på Sandnes.

 

 

 

Foto: Anette Thorsheim (nothuset utanfrå) og Arne Høyland (inne i nothuset)

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen